Sjømatproduksjon

Faget sjømatproduksjon skal leggje grunnlaget for yrkesutøving innan mottak, vidareforedling og omsetjing av sjømat. God utnytting av marine produkt, både oppdrettsfisk og artar som tradisjonelt ikkje har vore hausta eller produserte, krev nytenking, produktutvikling og marknadskunnskap. Den teknologiske utviklinga har ført til at faget sjømatproduksjon har gått frå å vere eit handverksfag til å bli moderne industri. Sjømatindustrien er prega av internasjonal konkurranse, krav til mattryggleik og sporing frå fangst til forbrukar. Faget skal styrkje sjømatindustrien i den internasjonale konkurransen og medverke til å dekkje behovet for teknologisk kunnige personar i sjømatbransjen.

Opplæringa skal leggje vekt på vidareforedling og omsetjing av sjømat. Vidare skal opplæringa utvikle kompetanse på råstoff, produksjon, hygiene, kvalitet, utstyr og teknologi. All matproduksjon skal ha eit kvalitetsstyringssystem basert på fareanalyse og kritiske kontrollpunkt. Opplæringa skal også medverke til å utvikle eit medvite og profesjonelt forhold til service, samarbeid og kommunikasjon og fremme likestilling.

Opplæringa skal leggje til rette for varierte arbeidsoppgåver som krev kreativitet og løysingsorientering. Vidare skal opplæringa leggje vekt på utvikling i faget sjømatproduksjon og endringsarbeid knytt til rutinar.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er fagarbeidar sjømatproduksjon

Læreplan

Kompetansemål

Etter VG3

Råstoff og produksjon

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne

  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere mottak, vidareforedling og omsetjing av sjømat
  • gjere greie for samanhengar mellom kvalitet og ulike fiske- og fangstmetodar
  • utføre mottakskontroll
  • velje råstoff og produksjonsmetode i samsvar med produktomtale og gjere greie for endringar som skjer under lagring
  • gjere greie for korrekt bløgging og kjenne til flekking for salting
  • sløye, filetere og reinse fisk
  • vurdere og utføre kjøle-, fryse- og tinemetodar for ulike typar råstoff
  • montere, bruke og demontere produksjonsutstyr
  • vedlikehalde utstyr
  • slipe og halde ved like knivar og anna handverktøy
  • meistre produksjonsprosessar i bedrifta
  • vurdere kvaliteten under produksjonsprosessen og på det ferdige produktet
  • gjere greie for kva rolle sjømaten speler for kosthald og helse
  • lage ulike produkt og lokale spesialitetar
  • utføre ulike pakke- og emballeringsmetodar i samsvar med gjeldande regelverk og produktomtale
  • utføre ulike konserveringsmetodar
  • utføre arbeidet utan å bryte kjølekjeda
  • lage kalkyle og rekne ut utbytte
  • gjere greie for lagerstyringssystemet i bedrifta

Hygiene og kvalitetsstyring

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne

  • praktisere personleg hygiene og produksjons- og næringsmiddelhygiene etter gjeldande regelverk
  • utføre reinhald og reinhaldskontrollar i samsvar med planar for reinhald
  • gjere greie for hygienesoner og følgje gjeldande regelverk og rutinar for persontrafikk og vareflyt
  • følgje rutinar for å kjempe mot insekt og andre skadedyr
  • gjere greie for oppgåver og verkeområde til tilsynsstyresmaktene
  • utføre arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk for kvalitetsstyring
  • forklare og følgje prinsippa for merking og sporing

Bransje, bedrift og miljø

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne

  • drøfte utviklinga og organiseringa av bedrifta og kva rammevilkår og faktorar som kan påverke dei økonomiske resultata
  • vurdere kva bransjen har å seie for samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • utføre profesjonell kundebehandling
  • gjere greie for innhaldet relevant nasjonalt og internasjonalt regelverk om dei rettane og pliktene forbrukarane har, under dette reglar om klagerett
  • gjere greie for forbrukarkrav om produktmerking og matvaretryggleik og gjeldande regelverk om dette
  • bruke digitale verktøy i vidareforedling og omsetjing av råstoff
  • følgje rutinar for helse, miljø og tryggleik og bruke verneutstyr
  • arbeide i samsvar med ergonomiske prinsipp
  • utføre ressurs- og miljøvennleg handtering av biologisk avfall i tråd med gjeldande regelverk
  • gjere greie for rutinar ved utslepp av biologisk materiale og konsekvensane for miljøet
  • følgje rutinar for kalibrering